Vi spurde 20 elevar på skulen vår forskjellige spørsmål om å legge seg fpå skuledagar, og fekk nokre interessante resultat.
Det første spørsmålet vi spurde elevane var om dei brukte mobilen i senga etter at dei hadde lagt seg. 19 av 20 elevar vi spurde svarte at dei brukte telefonen etter at dei la seg i senga.

Når vi spurde når elevane la seg, fann vi ut at 85% av dei la seg kl. 12 eller før. Desse elevane får nærare den anbefalte mengda søvn enn elevane som legg seg etter kl. 12.

Vi spurde og kor mange timar søvn elevane fikk, noko som er sterkt knytt til når dei legg seg. Elevane som får over sju timar søvn legg seg tidlegare enn resten.

Vi spurde også kor mange timar elevane sjølv menar dei treng. Dei fleste elevane svarte 9 timar eller meir, noko i realiteten bare 4 av dei 20 elevane får på skuledagar.
Den anbefalte mengda søvn for tenåringar mellom 14 og 17 år er 8-10 timar. Om vi bruker statistikken frå undersøkninga vår som ein mal for heile skulen, får under halvparten av elevane den anbefalte mengda søvn, noko som kan gå ut over både skulearbeid og fritid.
Av Jørgen og Henrik.

